Den toarkiske omveltinga eller den toarkiske utryddinga var ei bølgje med utryddingar som markerte slutten på alderen pliensbachium og starten på toarcium i tidleg jura, for om lag 183 millionar år sidan.
Hendinga råka særleg sjølivet og mest molluskar som ammonittar.[1] og dette skjedde globalt.[2] Ein har funne spor som tyder på at oksygenfattig vatn frå hava flaut opp mot overflata, samt at det var mykje vulkansk aktivitet frå Karoo-Ferrar-utbrota i denne perioden.[3]