Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen

Ordensteikn med sverd for riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Ordensstripa for St. Olavs Orden

Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen er ein fortenesteorden innstifta av kong Oscar I den 21. august 1847 og kalla opp etter Olav den heilage. Han blir tildelt som «belønning for utmerkede fortjenester av fedrelandet og menneskeheten». Med unnatak av kongelege og statsoverhovud blir ordenen berre gjeven til nordmenn.

St. Olavs Orden er inndelt i fem grader:

  1. Storkross
  2. Kommandør med stjerne
  3. Kommandør
  4. Riddar av 1. klasse
  5. Riddar

Kongen av Noreg er stormeister av ordenen. Dekorasjonane som høyrer til ordenen er kongen sin eigedom, og må leverast tilbake til han når mottakaren døyr.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne