Den Norske Turistforening

Den Norske Turistforening

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer979469241
Skipa1868
HovudkontorOslo
Medlemmer320 432
Nettstadhttps://dnt.no Sjå dette på Wikidata
Varden og den raude T-en som turistforeininga merkjer rutene sine med.
Foto: Kjetil Lenes
Turstiar i til dømes Nordmarka i Oslo vert òg merkte og haldne ved like av turistforeininga

Den Norske Turistforening (DNT) er ei foreining for vandrarar og anna friluftsfolk, og den største friluftsorganisasjonen i Noreg, med over 240 000 medlemmar. Til saman er 57 lokale turistforeinigar og turistlag tilslutta Den Norske Turistforening, som er ein «paraplyorganisasjon» og landsforeining for desse lokale turistforeiningane. Dei lokale foreiningane driv hytter på fjellet og i skogane, merkjer og legg til rette turstiar og arrangerer turar i kvar sine eigne geografiske område, medan Den Norske Turistforening tek seg av dei sentrale oppgåvene, som mellom anna går ut på å gje ut medlemsbladet Fjell og Vidde og årboka, drive organisasjonsarbeid, naturvernarbeid, medlemsteneste og informasjons- og marknadsføringsarbeid. Lokalforeiningane driv til saman 411 hytter, merkjer 19 000 km sommarruter (turstiar) og 5 000 km vinterruter (skiløyper). Foreiningane held årleg 2 500 turar og kurs, både i inn- og utland. Kristin Krohn Devold er generalsekretær (2011).


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne