Den Sorte Dame er sjørøvarskipet til den oppdikta sjørøvaren Kaptein Sabeltann, skapt av Terje Formoe.
Ein modell i full størrelse vart bygd ved Risør Trebåtbyggeri under leiing av Ole Jacob Broch og Ingar Sørensen i 1993 som kulisse til teaterframføringane med Kaptein Sabeltann i Kristiansand Dyrepark. Det var sistnemnde som stod for designet av skuta. Det tok berre tre månader frå bygginga starta til sjøsettinga i Risør. Skipet vart så segla til Kristiansand.
Våren 2005 vart Den Sorte Dame restaurert, og fargen på ansiktet på akterenden vart forandra frå gull til sølv.