Den arabisk-israelske konflikten

Objektiviteten i denne artikkelen er omstridd. Endringar som manglar kjelder og/eller avviker frå ei objektiv framstilling, kan bli fjerna.
Israel og landa i den arabiske ligaen

Den arabisk-israelske konflikten viser til vedvarande ufred i Midt-Austen frå 1900- og 2000-talet. Konflikten er knytt til staten Israel og arabarar frå dette og kringliggande område, men har også interesserte partar i mange andre delar av verda. Han har blussa ut i krig fleire gonger, men er også blitt utkjempa gjennom terroråtak og propaganda. Ein religiøs og historisk bakgrunn knytt til mellom anna Bibelen og Holocaust, imperium og den kalde krigen, og ulike ideologiar som sionisme og islamisme, har gjort konflikten svært viktig for mange ulike grupper og har gjort det vanskeleg å løysa han. I tillegg til Israel har Egypt, Irak, Jordan, Libanon, Syria og dei palestinske sjølvstyreområda Gaza og Vestbreidda vore direkte innblanda i strid. Ei rekke interesseorganisasjonar og fleire land, som Iran, Noreg, Saudi-Arabia, Sovjetunionen og USA, har støtta ulike partar eller prøvd å løysa opp konflikten.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne