Den athanasianske truvedkjenninga

Den athanasianske truvedkjenninga (latin Athanasium eller Quicunque vult etter innleiingsorda) er ei tidleg kristen truvedkjenning.

Etter tradisjonen skulle kyrkjefaderen Athanasius, erkebiskop av Alexandria i det 4. hundreåret, ha vore den fyrste til å formulere vedkjenningskriftet, men det er i dag semje om at det må vere nyare, og at Athanasius ikkje kan vere opphavsmannen. Vedkjenninga er fyrste gong kjend omtalt på eit kyrkjemøte i 670. Ho har brodd mot arianismen og ho presiserer læra om treeininga og læra om inkarnasjonen.

Den athanasianske truvedkjenninga er heldt som eit dogmatisk skrift i mange vestlege kyrkjer, herunder Den romersk-katolske kyrkja, Den anglikanske kyrkja og dei evangelisk-lutherske . I austkyrkja og i dei reformerte kyrkjene vert denne vedkjenninga ikkje bruka.

Saman med den apostolske truvedkjenninga og den nikenske truvedkjenninga er denne rekna blant dei tre oldkyrkjelege vedkjenningane, og slik er ho òg, saman med Den augsburgske vedkjenninga og Luthers vesle katekisme ein del av Den norske kyrkja sine vedkjenningsskrift.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne