Den israelske kystsletta | |||
slette | |||
Utsyn frå Karmelberget over kystsletta til Middelhavet
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Haifa distrikt, Sentral, Tel Aviv distrikt | ||
Lengd | 187 km | ||
Den israelske kystsletta (hebraisk מישור החוף, Mishor HaḤof) er ei smal kystslette langs middelhavskysten i Israel. Sletta strekkjer seg 187 km nord til sør og er delt inn i fleire område som Zebulunsletta (nord for Haifa), Hof HaCarmel (frå Haifa til Karmelberget), Sharonsletta (frå Karmelberget til Tel Aviv) og Judeasletta (frå Tel Aviv til Zikim).[1] Heile vegen har sletta sandstrender mot sjøen og middelhavsklima.