Den messiniske saliniteskrisa var ein periode der Middelhavet fordampa og vart heilt eller delvis tørrlagd. Dette skjedde i messinium i perioden miocen for 5,96 millionar år sidan.[2]
Middelhavet vart skild frå Atlanterhavet i perioden mellom 5,59 og 5,33 millionar år sidan, og dette førte til at vassnivået i Middelhavet fall kraftig. I starten førte hendinga til ekstrem erosjon og det vart danna fleire enorme kløfter (enkelte like store som Grand Canyon) rundt Middelhavet. I seinare tid (5,50-5,33 millionar år sidan) var det sykliske evaporittavsettingar i det store bassenget.
På grunn av måten berglaga ser ut og på grunn av det massive evaporittlaget, som ein ikkje meiner kan ha vorte avsett på ein gong, trur ein at vassnivået svinga opp og ned og at Middelhavet kan ha vorte tørka ut og vorte fylt opp att fleire gonger.[3]. Oppfyllinga har truleg anten skjedd ved at opningar har slept havvatn inn i bassenget igjen, eller det har vorte fylt opp av elvar. Den siste oppfyllinga skjedde i grensa mellom miocen og pliocen då Gibraltarsundet opna seg permanent.