Den nikenske truvedkjenninga

Ikon som skal vise keisar Konstantin saman med fire av kyrkjefedrane på kyrkjemøtet i Nikea i år 325. Framfor seg held dei opp den nikenske truvedkjenninga.

Den nikenske truvedkjenninga er ei truvedkjenning frå oldkyrkja som vert brukt ved dåp i Den ortodokse kyrkja og som vert sungen eller lesen i messa i Den katolske kyrkja og ved nattverdgudstenesta i Den anglikanske kyrkja, og i Den guddomlege liturgien i Den ortodokse kyrkja.

I Den norske kyrkja høyrer den nikenske truvedkjenninga saman med den apostoliske truvedkjenninga og Den athanasianske truvedkjenninga til dei sentrale vedkjenningsskriftene. Etter den gamle liturgien song dei den nikenske truvedkjenninga på versemål i Luther sin salme Vi troe allesammen paa een Gud, nr 9 i Kingos salmebok, i Norsk Salmebok nr 230: Vi trur på Gud, vår Fader god, omsett av Bernt Støylen. I 1889 vart vedkjenningssalmen avløyst av den apostoliske truvedkjenninga. Høgmesseliturgien tillèt likevel at den nikenske truvedkjenninga vert brukt ved særlege høve, og den vert normalt brukt på høgtidsgudstenester i Dnk, men vert også brukt på enkelte andre gudstenester.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne