Den nordlege krona | |
---|---|
![]() | |
Latinsk namn | Corona borealis |
Forkorting | CrB |
Genitivsform | Coronae Borealis |
Symbologi | myten om Ariadne |
Rektasensjon | 16 h |
Deklinasjon | +30° |
Areal | 179 kvadratgrader nr. 73 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
1 |
Sterkaste stjerne | (α CrB) (Alphecca or Gemma) (2,2. mag.) |
Meteorsvermar |
Ingen |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +90° og −50° | |
Den nordlege krona (frå latin Corona borealis) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula. Stjernebiletet er den nordlege motparten til Den sørlege krona. Det er eit av dei 48 stjernebileta som vart oppførte av Klaudios Ptolemaios på 100-talet evt. og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. I klassisk mytologi vart Den nordlege krona generelt representert som krona gjeven av guden Dionysos til den kretiske prinsessa Ariadne og som han sette på himmelen. Andre kulturar har samanlikna mønsteret med ein sirkel av eldre, eit ørnereir, eit bjørnehi og til og med eit røykehol.
Den mest lyssterke stjerna er Alfa Coronae Borealis med storleiksklasse 2,2. Den gule superkjempa R Coronae Borealis er prototypen på ein sjeldan klasse kjempestjerner—R Coronae Borealis variable—som har ekstremt lite hydrogen, og som ein trur har oppstått ved at to kvite dvergar har smelta saman. T Coronae Borealis, òg kalla Blazestjerna, er ein annan uvanleg stjernetype kjend som periodisk nova. Normalt har ho storleiksklasse 10, men lyste opp til storleiksklasse 2 i 1946. ADS 9731 og Sigma Coronae Borealis er fleirstjernesystem med seks og fem komponentar kvar. Ein har funne fem stjernesystem med exoplanetar av same storleik som Jupiter. Abell 2065 er eit særs konsentrert galaksehop som ligg 1 mrd. lysår frå solsystemet vårt, med over 400 medlemmar, og er sjølv ein del av den store Corona Borealis superhopen.