Den norske eliteserien i fotball

Den norske eliteserien i fotball
Land  Noreg
Region UEFA
Forbund NFF
Grunnlagt 1937
Tal på klubbar 16
Nedrykk til 1. divisjon fotball for herrar
Nasjonal cup NM i fotball for herrar
Turneringar Meisterligaen
Europaligaen
Flest titlar Rosenborg (22)

Eliteserien er den øvste divisjonen i norsk herrefotball.

Det offisielle namnet var frå 1991 til 2017 Tippeligaen, etter at Norsk Tipping gjekk inn som hovedsponsor, men namnet Eliteserien vart nytta av dei fleste avisredaksjonar og medium som ikkje har senderettar for Tippeligaen. Serien har tidlegare vore kjent under namna Norgesserien (1937–1948), Hovedserien (1948–1962) og 1. divisjon (1963–1990). Namnet Toppserien har òg blitt brukt, men er offisielt blitt overtatt av Toppserien for kvinner. Sesongen 1961/62 vart kjent som «maratonserien» fordi han bestod av 16 lag og strekte seg over eitt og eit halvt år. Det offisielle namnet var likevel framleis Hovedserien.

Eliteserien bestod av 14 lag frå 1995 til 2008. Frå og med Tippeligaen 2009 vart serien utvida til 16 lag. Laga spelar to kampar mot kvar motstandar (heime og borte) i løpet av sesongen, som strekkjer seg frå vår til haust. Dermed spelar kvart lag 30 kampar i Eliteserien.

Laga vert rangert etter:

  1. mengde poeng (3 for seier, 1 for uavgjort, 0 for tap)
  2. målskilnaden (talet på skåra mål minus talet på mål sleppte inn)
  3. talet på skåra mål
  4. resultata i oppgjer mellom laga

Dei to laga som er på 15. og 16. plass ved sesongslutt rykker ned, medan laget som kjem tredje sist må spela kvalifiseringskampar mot lag frå Adeccoligaen (divisjonen under Tippeligaen) om den siste plassen i Eliteserien neste år.

Sidan namneendringa til Tippeligaen var serien frem til 2005-sesongen dominert av Rosenborg, som vann tittelen tretten år på rad (1992–2004). Seriemeisteren har rett til å spele kvalifisering til Meisterligaen neste sesong, medan serietoar og -trear, saman med cupvinnaren, får plass i kvalifiseringa til Europaligaen (fram til 2009 kalla UEFA-cupen).


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne