Den russisk-ortodokse kyrkja | |||
| |||
Skipa | 15. desember 1448 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Danilovklosteret | ||
Leiar | Kirill av Moskva | ||
Nettstad | http://www.patriarchia.ru/ |
Moskvas og heile Russlands patriarkat (Moskvapatriarkatet, russisk Московский патриархат, Moskovskij patriarkhat), vanlegvis kalla Den russisk-ortodokse kyrkja (russisk Русская православная церковь, Russkaja pravoslavnaja tserkov) er i dag den største av dei ortodokse kyrkjene. Kyrkja har meir enn 80 millionar medlemmer, utan at det er råd å oppgje noko eksakt medlemstal. Fram til 1917 var den ortodokse kyrkja statskyrkje, og ho har på ein heilt spesiell måte vore identifisert med russisk kultur og historie.
Kristendommen kom til Russland frå Bysants tidleg i mellomalderen. Kyrkja reknar si soge frå år 988, då fyrst Vladimir vart kristna. Ho hadde senteret sitt i Kiev fram til mongolarinvasjonen i 1240. Kyrkja fekk sidan ei ny blømingstid med senter i området rundt Moskva.
Kyrkja vart i praksis sjølvstendig frå Det økumeniske patriarkatet i 1448. Ho vart godkjend som eit eige patriarkat i 1589. Kyrkja vart etterkvart nært knytt til tsarveldet. Etter revolusjonen vart stat og kyrkje åtskilt. Frå 1922–23 starta sovjetstaten ein omfattande forfølging av kristne, og tusenar av prestar, munkar og nonner vart avretta eller omkom i arbeidsleirar. Kyrkja vart fråteken all eigedom. Under den andre verdskrigen fekk kyrkja igjen ein viss fridom, men på 1950-talet vart kyrkja pålagt nye restriksjonar.
Frå og med i 1980-åra har kyrkja igjen fått omfattande innverknad i det russiske samfunnet.
Patriarken har tittelen Patriark av Moskva og heile Russland. No er Kirill, tidlegare Metropolitt for Smolensk og Kaliningrad patriark i den russisk-ortodokse kyrkja. Han tok over etter Aleksej II (Aleksej Mikhajlovitsj Ridiger) som døydde 5. desember i 2008[1].