Desire Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. januar 1976 | |
Innspelt | 14. til 31 juli, 11. august og 24. oktober 1975 | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 56:13 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Don DeVito | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
The Basement Tapes (1975) |
Desire | Hard Rain (1976)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Robert Christgau | (B−)[2] |
Entertainment Weekly | B−[3] |
Rolling Stone | (positiv)[4] |
Desire er det 17. studioalbumet til Bob Dylan. Det kom ut på Columbia Records i januar 1976.
Albumet er eit av dei mest samarbeidsprega verka til Dylan og han hadde med seg dei same musikarane som han hadde nytta på Rolling Thunder Revue-turneane året før. På mange av songane syng den då ukjende Emmylou Harris korvokal. Det meste av albumet vart skriven i lag med Jacques Levy og består av songar med lange soger. To av songane skapte raskt kontroversar, den over 11 minuttar lange «Joey», som vert sett på som ei glorifisering av den valdelege gangsteren «Crazy Joey» Gallo og «Hurricane», opningssporet som på lidenskapleg vis fortel soga om boksaren Rubin Carter, som songen hevdar vart uskuldig dømd for mord. Carter vart lauslaten i 1985 etter at ein dommar gjorde om dommen hans.
Desire vart ein oppfølgjar til Blood on the Tracks og nådde 1. plassen på Billboard si popalbumliste, der det låg i fem veker. Det vart eit av dei bestseljande albuma til Dylan og nådde òg 3. plassen i Storbritannia og 4. plassen i Noreg. Musikkmagasinet NME kåra albumet til årets album. I 2003 plasserte magasinet Rolling Stone albumet på 174. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.