Desolation Row

«Desolation Row»
Song av Bob Dylan
frå albumet Highway 61 Revisited
Språk engelsk
Utgjeve 30. august 1965
Innspelt Columbia Studios i New York, 4. august 1965
Sjanger Folkrock
Lengd 11:21
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston

«Desolation Row» er det siste sporet på det sjette studioalbumet til Bob Dylan, Highway 61 Revisited frå 1965. Songen er kjend for lengda (11:21) og den surrealistiske teksten. Han vart spelt inn 4. august 1965, i Columbia sitt Studio A i New York City. To opptak vart sett saman for albumutgåva. Charlie McCoy spelte akustisk gitar på innspelinga, og songen er den einaste på albumet som ikkje inneheld elektrisk gitar. Eit anna opptak med elektrisk gitar og meir tydeleg bass vart gjeve ut på The Bootleg Series Vol. 7: No Direction Home: The Soundtrack.

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 187. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene.[1] Joe Strummer har ein referanse til «Desolation Row» i songen sin «Coma Girl» på albumet Streetcore. Songen vert òg referert til i Laura Branigan sin «Spanish Eddie» i 1985.

  1. «Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time». Arkivert frå originalen 22. juni 2008. Henta 23. oktober 2009. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne