Det Danske Akademis Store Pris er ein litteraturpris som blir tildelt ein dansk forfattar for å heidra eit forfattarskap. Prisen er den høgaste litterære heidersprisen i Danmark og vert delt ut av Det Danske Akademi på årsfesten til akademiet. Prisen blei skipa i 1961.
Til 1982 blei den delt ut kvart år, sidan kvart anna år. Prisen var opphavleg på 50 000 kroner og har frå 2000 vore på 300 000 kroner.