Folkekrosstoget · Første · Andre · Tredje · Liviske · Tyske · Fjerde · Albigenesiske · Barnekrosstoget · Femte · Prøyssiske · Sjette · Sjuande · Gjetarkrosstoget · Åttande · Niande · Aragonesiske · Alexandria · Nikopolis · Nordlege · Hussitiske · Varna · Otranto · Dei osmansk-ungarske krigane · Osman-Habsburg · Lepanto · Wien |
Det fjerde krosstoget (1202–1204) hadde opphavleg som mål å erobra det muslimske Jerusalem ved ein invasjon via Egypt. I staden for, i april 1204, invaderte og erobra krossfararar frå Vest-Europa det kristne (austleg-ortodokse) Konstantinopel, hovudstad i det bysantinske riket. Dette har blitt sett på som den siste handlinga i Det store skismaet mellom den austleg-ortodokse kyrkja og den romersk-katolske kyrkja. Det har ofte blitt beskrive som ei av dei mest lønnsame og samtidig som den mest vanærande plyndringa av ein by i historia.