Det gylne snittet

Fasaden av Santa Maria Novella i Firenze. Her har Alberti brukt det gylne snittet.

Det gylne snittet vil seie deling av ei linje eller ei flate i to delar slik at den minste delen står i høve til den største som denne til heile linja eller flata.

Uttrykt som φ (phi) tilsvarar dette eit irrasjonalt tal med verdi

Ein kan finne dette delingsforholdet igjen mange stader i naturen, og spesielt på menneskekroppen. Tilhøvet mellom lengda frå skuldra til fingertuppane og lengda frå olbogen til fingertuppane, knokane på handa og lengda på beina i tilhøve til lengda frå kneet til tærne er nokre døme. Det er òg eit viktig visuelt verkemiddel innan kunst. Det gylne snittet var kjent blant dei gamle grekarane. Det vart mykje brukt i renessansen, særleg innan arkitektur.

Å dele ei linje etter det gylne snittet vert òg kalla høgdeling.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne