Det lesothiske flagget

Det lesothiske flagget. Storleiksforhold 2:3
Det første flagget til Lesotho.
Det lesothiske flagget 1967–2006

Det lesothiske flagget har tre horisontale striper med blått over kvitt over grønt. I midten er ein svart stråhatt, ein mokorotlo, avbilda. Den midtre kvite stripa er breiare enn dei to andre, det innbyrdes forholdet er 3:4:3. Dette gjev bedre plass til stråhatten, som etter loven skal fylla 92 % av høgda til den kvite stripa. Fargane i flagget står for regn (blått), fred (kvitt) og velstand (grønt).[1] Den svarte hatten representerer innbyggjarane i Lesotho.[1] Flagget har storleiksforholdet 2:3.

Det noverande lagget blei teke i bruk som nasjonalflagg for Lesotho blei første gong teke i bruk midnatt mellom 3. og 4. oktober 2006 i samaband med feiringa av landet sitt 40-års sjølvstendejubileum.[2][3]

  1. 1,0 1,1 «Flag Description». Arkivert frå originalen 12. oktober 2020. Henta 18. september 2017. 
  2. «Lesotho unfurls 'peaceful' flag». BBC News. 4. oktober 2006. 
  3. «Senators give new flag green light». The Lesotho Government Portal. Arkivert frå originalen 8. desember 2008. Henta 5. oktober 2006. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne