Det norske landssvikoppgjeret er ei nemning på eit rettsoppgjer som fann stad i åra etter den andre verdskrigen. Oppgjeret er vanlegvis berre kalla landssvikoppgjeret. Målet var å straffa Nasjonal Samling og tyskarane sine medhjelparar i Noreg. Oppgjeret omfatta til saman 73 355 personar. Av desse vart kring 32 000 ikkje straffa. Oppgjeret tok i bruk lover som var vedtekne til å gjelda attende i tid. I samtida og seinare har bruk av slike lover vorte kritisert, ut i frå at slike lover strir mot grunnlova. Om ein tolka kapitulasjonen i 1940 slik at heile den norske stat la ned våpna, kunne ein seia at Noreg ikkje var i krig etter 10. juni 1940.
Personar som hadde tenestegjort i Raudekrossen vart straffa. Slik straff strir mot folkeretten. Det kunne vera nok å ha ytra seg til stønad for tysk side. Ein trong ikkje ha vore medlem av partiet Nasjonal Samling for å verta straffa. Eit døme på slik avstraffing fekk forfattaren Knut Hamsun.
Rett etter krigen var det sterke negative kjensler knytt til alle som hadde hatt noko å gjera med okkupasjonsmakta. Straffa for landssvik hadde ein tendens til å minka etter kvart som tida gjekk.
I tillegg til dei som vart dømde i rein norsk sivil rett, vart nokre tyskarar dømde av alliert rett i Noreg i desember 1945. To av desse vart avretta i Noreg i januar 1946, og ein av dei vart transportert til Hamburg og hengd der i mai 1946. Mange andre tyskarar vart arresterte i Noreg, transporterte til andre land, dømde og avretta der. Desse er ikkje tekne med i den norske statistikken.
Den 1. juli 1947 var 28 avrettingar utførte.