Det russiske vitskapsakademiet (russisk Российская академия наук (РАН), Rossijskaja akademija nauk (RAN)) består av Russlands nasjonalakademi, og eit nettverk av vitskaplege institutt frå heile Russland, som driv med forsking og har støtteinsitusjonar som vitskaplege bibliotek og forlag.
Akademiet har hovudkvarteret sitt i Moskva, og er ein sivil, sjølvstyrt, ikkje-kommersiell organisasjon. Presidenten til akademiet er Gennady Krasnikov (sidan 2022).[1]