Det sanktkittiske flagget blei teke i bruk som nasjonalflagg på Saint Kitts og Nevis den 19. september 1983. Det er skrådelt med eit svart og gult band med to kvite stjerner i midten, og ein raud og ein grøn trekant på kvar side.
Flagget blei utforma av Edrice Lewis til ein konkurranse. Dei to stjernene står for håp og fridom. Grønfargen står for grøderikom og raudt for fridomskampen. Gulfargen står for det solfylte klimaet og svart for landet si afrikanske arv. Fargane i flagget er også panafrikanske fargar brukt i mange afrikanske flagg.