Detektivforteljing er ein undersjanger innan kriminallitteratur der ein detektiv eller etterforskar undersøker ei kriminalgåte, gjerne eit mord. Ei slik forteljing er ofte presentert som eit mysterium kring kva som har skjedd. Ulike teikn kring hendinga kan peika mot ein viss mistenkt, men detektiven grev gjerne vidare og avslører kva som eigentleg har skjedd i ein dramatisk finale. Mange slike forteljingar legg vekt på at lesaren skal ha tilgang på dei same peiketrådane som detektiven, slik at også han kan gissa kven som står bak.[1]
Det finst detektivforteljingar frå oldtida, men den moderne detektivsjangeren oppstod på midten av 1800-talet, i lag med sjølve ordet «detektiv».[2] Han er blitt verande svært populær, særleg i form av romanar.[3] Utviklinga av sjangeren fell saman med industrialisering, der fleire framande folk kom saman i byar, og framveksten av eit moderne politivesen.[4] Helten i ei detektivforteljing kan sjølv vera politi, arbeida saman med politiet, skugga unna frå det eller vera i konflikt med det. I tillegg til politifolk kan helten vera tidlegare politi, privatdetektiv eller ein amatør som av ulike grunnar blir innblanda i kriminelle gåter. Nokre av dei best kjende heltane i detektivlitteratur er C. Auguste Dupin, Sherlock Holmes og Hercule Poirot. Ungdomsforteljingar med Hardy-guttane, Nancy Drew og Mesterdetektiven Blomkvist har også vore på trykk i mange tiår.