Diktsamling er eit litterært verk som inneheld ulike dikt skrivne av ein eller fleire diktarar. Ei diktsamling kan vera ein måte å gje ut nye dikt på for ein forfattar, eller innehalda dikt som allereie er blitt gjevne ut ulike stader, som i aviser og tidsskrift.
Ei særskild form for diktsamling er dikt i samling (bokmål samlede dikt), ei komplett samling av produksjonen eller utgjevingane til ein diktar i ein viss periode eller gjennom heile forfattarskapen.[1]
Ei anna form er dikt i utval eller antologi, som inneheld eit utval dikt av ein eller fleire forfattarar.[2]