Dimmelsvik | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvinnherad | ||
Areal | 0,47 km² | ||
Folketal | 462 (2023) | ||
Folketettleik | 983 / km² | ||
Postnummer | 5464 DIMMELSVIK | ||
![]() Dimmelsvik 59°57′14″N 5°58′45″E / 59.953889°N 5.979167°E |
Dimmelsvik er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden har 462 innbyggjarar per 1. januar 2023. Staden ligg på austsida av Hardangerfjorden, om lag 4 km sørom Rosendal. Frå Dimmelsvik går det veg innover Omvikdalen og til Matre.
Dimmelsvik er ein gamal handelsstad, og var administrativt sentrum i Kvinnherad fram til etter andre verdskrigen. Her ligg framleis Tinghuset, det første rådhuset i kommunen, bygd om lag 1870. Her låg også tønnefabrikk og treskofabrikk.
Administrasjonsbygget til Kvinnherad energi ligg i Dimmelsvik. Hardanger Rock har eit sandtak og pukkverk som leverer ulike sand- og steinprodukt. Bygda er den største jordbruksbygda i kommunen, med om lag 5340 dekar jordbruksland, og 31 bruk med mjølkekvote (2002).