Discovery Investigations var fleire britiske forskingsekspedisjonar i Sørishavet for undersøking av kval. Dei vart finansiert av Colonial Office og organisert av Discovery Committee i London som vart skipa i 1918. Føremålet med undersøkingane var å skaffe eit vitskapleg grunnlag for forvaltinga av kvalførekomstane i Antarktis. Arbeidet resulterte i ny kunnskap om kval, krillen dei lever av og oseanografien i habitata deira. Undersøkingane pågjekk fram til 1951.