Disraeli Gears Studioalbum av Cream | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. november 1967 | |
Innspelt | Mai 1967 | |
Studio | Atlantic i New York City | |
Sjanger | psykedelisk rock | |
Lengd | 33:37 | |
Selskap | Reaction | |
Produsent | Felix Pappalardi | |
Cream-kronologi | ||
---|---|---|
Fresh Cream (1966) |
Disraeli Gears | Wheels of Fire (1968)
|
Singlar frå Disraeli Gears | ||
|
Professional ratings | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
MusicHound | [2] |
Sputnikmusic | [3] |
The Encyclopedia of Popular Music | [4] |
Great Rock Discography | [5] |
Chicago Tribune | [6] |
Music Story | [5] |
BBC Music | positiv[7] |
Disraeli Gears er det andre albumet til den britiske supergruppa Cream. Det kom ut i november 1967[8] og nådde femteplassen i Storbritannia.[9] Det vart òg gjennombrotet deira i Amerika og vart ein massiv bestseljar der i 1968 og nådde fjerdeplassen på albumlista.[10] I Noreg nådde albumet 16. plass på VG-lista. Albumet inneheld to singlar, «Strange Brew» og «Sunshine of Your Love».
Tittelen på albumet var ein intern spøk. Eric Clapton hadde tenkt å kjøpe ein racersykkel og diskuterte det med Ginger Baker, då ein roadie kalla Mick Turner kommenterte «it's got them Disraeli Gears», og meinte å seie «derailleur gears» (kjedegir), men viste i staden til den britiske statsministeren frå 1800-talet Benjamin Disraeli. Bandet syntest det var så morosamt at dei valde dette som tittelen på det neste albumet sitt. Den alternative tittelen var berre rett og slett «Cream».
Albumet vart nymastra i 1998 og så gjeven ut som ei dobbel-disk-utgåve i 2004.
I 2003 vart albumet rangert på 112. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[11] VH1 kåra det òg til det 87. beste albumet gjennom tidene i 2001.