Dielsdorf Bezirk Dielsdorf | |||
distrikt | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Kanton | kantonen Zürich | ||
Hovudstad | Dielsdorf | ||
Areal | 152,73 km² | ||
Folketal | 79 952 (31. desember 2010) | ||
Kommunar | 22 | ||
![]() Distriktet Dielsdorf 47°29′00″N 8°27′00″E / 47.483333333333°N 8.45°E | |||
Wikimedia Commons: Dielsdorf (district) |
Dielsdorf er eit av dei tolv distrikta i den tysk-talande kantonen Zürich i Sveits. Distriktet ligg nordvest i kantonen, og har grense til Tyskland i nord og til kantonen Aargau. Dielsdorf hadde 79 952 innbyggarar per 31. desember 2010, og dekker eit areal på 153 km². Hovudstad er Dielsdorf, som ligg sentralt i distriktet, og som distriktet er kalla opp etter.
Distriktet Dielsdorf omfattar av 22 kommunar. Regensdorf er den einaste kommunen med meir enn 10 000 innbyggarar. Dei andre kommunane er Bachs, Boppelsen, Buchs, Dällikon, Dänikon, Dielsdorf, Hüttikon, Neerach, Niederglatt, Niederhasli, Niederweningen, Oberglatt, Oberweningen, Otelfingen, Regensberg, Rümlang, Schleinikon, Schöfflisdorf, Stadel, Steinmaur og Weiach.