«Diva» Song av Dana International | ||
![]() | ||
Land | Israel | |
Språk | Hebraisk | |
Utgjeve | 1998 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:02 | |
Selskap | CNR Music, Dance Pool[1] | |
Komponist | Svika Pick | |
Tekstforfattar | Yoav Ginai | |
Låtskrivar(ar) | Svika Pick, Joav Ginai |
---|
«Diva» (hebraisk דיווה) er ein israelsk europoplåt som vann Eurovision Song Contest 1998 for Israel. Songen vart framført av den transkjønna artisten Dana International og var komponert av Svika Pick og skriven av Joav Ginai. Dette var fyrste gongen telefonavrøysting vart brukt i stor skala i Eurovision Song Contest, og «Diva» er difor den fyrste vinnarlåten som vart vald av tv-sjåarane i Europa.[2] Songen vart framført på hebraisk i tevlinga, og fikk ein moderat kommersiell suksess etter sigeren. I Noreg nådde han ein tolvteplass på VG-lista.[3]