Djembe | |||
![]() | |||
Klassifisering | membranofon, tromme | ||
---|---|---|---|
Hornbostel-Sachs klassifisering | 211.261.1 | ||
Døme |
Djembe er ei vestafrikansk tromme, eit musikkinstrument innanfor perkusjonsinstrumentsfamilien.
Trommene har typisk ein diameter på 30–38 cm (og ei høgd på 58–63 cm. Dei kan vega frå 5 kg til 13 kg. Kroppen er laga av tre og skinnet er gjerne av geit med håra skrapa av. Kroppen består av to hovudformer, der den øvste delen er større enn den nedste.
Ein kan spela på instrumentet sitjande på ein stol eller liknande, eller ved å sitja overskrevs med tromma liggande på bakken og skinnet peikande framover. Ein speler berre med hendene og nyttar i hovudsak tre forskjellige slag:
Djembe har ein uvanleg sterk lyd i høve til storleiken. Lydstyrken aukar når ein strammar trommeskinnet. Dyktige spelarar kan oppnå lydstyrke på over 105 dB, omtrent same volum som eit trykkluftsbor.[1]
Tradisjonelt blir tromma spelt av menn, og det same gjeld dunun-trommer som gjerne blir brukt til å akkompagnera djembe. Kvinner speler derimot gjerne på ryteminstrument som shekere (kalebass med perlenett), karignan (røyrbjølle) og kese kese (voven korgrangle) som del av ensemble.[2][3]