Dodekanesane Νομός Δωδεκανήσου | |
---|---|
![]() | |
Periferiar | Dei sørlege egeiske øyane |
Hovudstad | Ródos by |
Folketal | 200 452 (2005) Rangering 12. |
Areal | 2 714 km² |
Folketettleik | 74/km² |
Provinsar | 4 |
Demer | 25 |
Kommunar | 2 |
Postnummer | 85x xx |
Retningsnummer | 2241-2247 |
Bilnummer | KX, PO, PK |
Heimeside | www.nad.gr |
Dodekanesane (gresk: Δωδεκάνησα, Dodekánisa, tyrkisk: Onikiada, begge tyder «tolv øyar», italiensk: Dodecaneso) er ei øygruppe i Egearhavet i Hellas, utanfor sørvestkysten av Tyrkia. Øyane har ei rik historie og mange av sjølv dei minste busette øyane har fleire austromerske kyrkjer og mellomalderfestningar.
Det tidlegare greske prefekturet Dodekanesane består av 163 øyar, der 26 er busette. Namnet syner til at det er tolv større øyar i øygruppa, men det varierer litt kva for øyar som blir nemnde som dei tolv, og administrativt reknar ein i dag femten hovudøyar.
Den historisk viktigaste og mest kjende av øyane er Ródos, som i fleire tusenår har vore den dominerande øya i området. Andre viktige øyar er Kos og Pátmos, medan dei andre hovudøyane er Agathonísi, Astypálea, Kálymnos, Kárpathos, Kásos, Khálki, Léros, Lipsí, Nísyros, Sými og Tílos, dessutan Kastellórizo, som eigentleg ikkje ligg i Egearhavet, men aust i Middelhavet. Andre øyar i gruppa er Arkí, Psérimos, Saría og Télendos.
Frå 2011 inngår Dodekanesane saman med Kykladane i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Dodekanesane er delt inn i fire periferieiningar: Kálymnos, Kos, Kárpathos-Kásos og Ródos. Dei femten hovudøyane er kvar sin kommune.