Dog of Two Head Studioalbum av Status Quo | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1971 | |
Innspelt | Pye Records, London | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 36:09 | |
Selskap | Pye NSPL 18371 | |
Produsent | John Schroeder | |
Status Quo-kronologi | ||
---|---|---|
Ma Kelly's Greasy Spoon (1970) |
Dog of Two Head | Piledriver (1972)
|
Singlar frå Dog of Two Head | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Dog of Two Head er det fjerde studioalbumet til rockegruppa Status Quo, gjeve ut på Pye Records i 1971. Bandet bestod då av Francis Rossi (omtalt på omslaget som Mike Rossi), Rick Parfitt (omtalt som Ritchie Parfitt), Alan Lancaster og John Coghlan (omtalt som John Coughlan).
I mars 1971 gav bandet ut ein singel som ikkje var på med på albumet, «Tune to the Music» skriven av Rossi/Young. Singelen vart ikkje ein hit. Bandet sette seg så ned for å skrive musikk til eit nytt album. Eit par av songane, som opningssporet «Umleitung» var skriven attende i 1970. Albumet kom ut november 1971.
Ein singel frå albumet, «Mean Girl» av Rossi og Young, nådde 20. plassen på den britiske singellista i april 1973, etter at dei hadde fått sin tredje topp ti-singel der med «Paper Plane» frå det neste albumet deira, Piledriver.
Då «Mean Girl» gjekk inn på lista, valde plateselskapet å gje ut enno ein singel frå dette albumet: ei nyinnspeling av «Gerdundula», B-sida til singelen deira «In My Chair» frå 1970. Denne kom ut i juli 1973, men gjekk ikkje inn på salslista. B-sida til denne singelen var «Lakky Lady» av Rossi og Parfitt, frå det førre albumet deira, Ma Kelly's Greasy Spoon.