Dokke

Inuittdokker laga av Annie Ainarlik Parr frå Cape Dorset i Nunavut.
Foto: Ansgar Walk
Babydokke med tøykropp og plasthovud.

Ei dokke er ein menneskeliknande modell som kan brukast til leik, opplæring, utprøving og underhaldning. Dokker kan lagast av dei fleste materiale og kan ha alt frå ei enkel utforming, med berre kropp og hovud, til forseggjorte trekk, hår og klede og rørlege lemmer.

Ordet «dokke» kan også nyttast i overført tyding om eit søtt lite barn eller med meir negativ klang om ei «pyntedokke», ei kvinne som er særs oppteken av utsjånaden sin, eller om nokon som opptrer lite sjølvstendig at dei er ei «nikkedokke» eller ein «marionett».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne