Dominikanarordenen er ein katolsk religiøs orden som oppstod i høgmellomalderen. Ordenen blei stifta i Toulouse i 1215 av spanske presten Dominikus etter augustinarregelen, og godkjend året etter av pave Honorius III. Dominkanarane omfattar tre ordenar: Munkar i Ordo fratrum praedicatorum (O.P.), 'ordenen av preikebrør' eller den første ordenen, nonner som dei dominkanske systrene eller den andre ordenen, og lekfolk i lekdominikanarane eller den tredje ordenen.
Dominikanarmunkar er kjenneteikna av den svarte kappa dei ber over ein kvit habitt, og er derfor kjend som «svartebrør» på folkemunne nokre stader. Dei skil seg dermed frå «kvitebrør» (karmelittordenen) og «gråbrør» (fransiskanarordenen), medan augustinarordenen har ein liknande klednad. I Frankrike er dominikanarar kjend som jakobinarar, ettersom det første klosteret deira i Paris var bygd nær Jakobskyrkja der.
I Noreg finst det dominikanarar ved St. Dominikus kloster, Lunden kloster og Sta. Katarinahjemmet i Oslo og ved Mariaklosteret i Bodø.