Dominion (av engelsk, frå latin 'velde, herredøme') var opphavleg eit uttrykk for alle britiske besittelsar, men blei seinare brukt om dei heilt sjølvstyrte delane av Det britiske samveldet, i første rekke Canada.
Balfour-deklarasjonen av 1926 erklærte dominion som sjølvstyrande samfunn i Det britiske riket.[a]
Statute of Westminster 1931 gav dei fullt lovgjevande sjølvstende.
I 1947 avgjorde den britiske regjeringa at dominionane skulle kallast Members of the Commonwealth eller Commonwealth Countries, og nemninga dominion er etterkvart gått ut av bruk.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne