Don't Cry for Me Argentina Singel av Julie Covington frå albumet Evita | ||
B-side |
«Rainbow High» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 1976 | |
Innspelt | 1976 | |
Sjanger | Musikal | |
Lengd | 5:27 | |
Selskap | MCA | |
Komponist | Andrew Lloyd Webber | |
Tekstforfattar | Tim Rice | |
Låtskrivar(ar) | Andrew Lloyd Webber, Tim Rice | |
Produsent | Andrew Lloyd Webber, Tim Rice og David Land | |
Julie Covington-kronologi | ||
«Two Worlds Apart» (1973) |
Don't Cry for Me Argentina | «Only Women Bleed» (1977)
|
«Don't Cry for Me Argentina» er ein song skriven av Andrew Lloyd Webber med tekst av Tim Rice. Han vart først spelt inn av Julie Covington på albumet Evita frå 1976 og seinare for musikalen med same namn i 1978. Han vart i musikalen sungen av rollefiguren Eva Perón, og kjem tidleg i andre akt då Evita taler til menneskemassen frå balkongen sin i Casa Rosada i Buenos Aires i Argentina, og har ein sveipande melodi som er knytt til vide kjenslemessige tema som anger og trass, som er karakteristisk for dei mest populære Lloyd Webber-songane.
Songen deler melodi med «Oh What a Circus» og «Eva's Final Broadcast» frå same musikalen. Rice og Lloyd Webber fekk i 1977 Ivor Novello-prisen for beste song musikalsk og lyrisk.[1] Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar.
Tittelen på songen kjem frå gravskrifta på ein plakett ved grava til Evita Peron ved La Recoleta gravplass i Buenos Aires. Plaketten vart presenter t av taxisjåførane i byen og seier noko slikt som «Ikkje gret for meg Argentina, eg er framleis like ved Dykk.»[2]