Don Airey | |||
Don Airey med Deep Purple i 2005 | |||
Fødd | 21. juni 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sunderland i England | ||
Fødenamn | Donald Airey | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1974 til i dag | ||
Sjanger | Rock, hardrock, heavy metal, bluesrock, progressiv rock, jazzfusion | ||
Instrument | tangentinstrument, orgel, synthesizer, vokal | ||
Tilknytte artistar | Deep Purple, Rainbow, Ozzy Osbourne, Black Sabbath, Electric Light Orchestra, Gary Moore, Glenn Tipton, Judas Priest, Wishbone Ash, Whitesnake, Ten, Jethro Tull | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Donald Smith (Don) Airey (fødd 21. juni 1948) er ein engelsk tangentspelar. Han har vore medlem av rockebandet Deep Purple sidan 2002 då han tok over etter Jon Lord. Han vart først kjent som studiomusiker på slutten av 1970-talet, og var frå 1979 til 1981 medlem av bandet Rainbow. Han har hatt ein lang og produktiv karriere og spelt med artistar som Gary Moore, Ozzy Osbourne, Judas Priest, Black Sabbath, Jethro Tull, Whitesnake, Colosseum II, Sinner, Michael Schenker, Uli Jon Roth, Rainbow, Ten, Divlje jagode og Living Loud. Han har òg arbeidd med Andrew Lloyd Webber.
Som medlem av Deep Purple har han medverka på studioalbuma Bananas frå 2003, og Rapture of the Deep, utgjeve i 2005. Don Airey er òg enno aktiv som studiomusiker.