Don Cherry | |||
![]() Don Cherry, Münster i 1987 | |||
Fødd | 18. november 1936 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oklahoma City | ||
Død | 19. oktober 1995 (58 år) | ||
Dødsstad | Málaga | ||
Fødenamn | Donald Eugene Cherry | ||
Opphav | Oklahoma City i Oklahoma i USA | ||
Aktiv | 1956–1995 | ||
Sjanger | Jazz, frijazz, world fusion | ||
Instrument | Kornett, piano | ||
Tilknytte artistar | Codona, Ornette Coleman, Paul Bley, Sonny Rollins, Naná Vasconcelos | ||
Plateselskap | Blue Note, A&M Records, Antilles, Atlantic Records, BYG Records, Chiaroscuro Records, Edition of Contemporary Music | ||
Verka som | trompetist, komponist, jazzmusikar, plateartist | ||
Gift med | Moki Cherry | ||
Born | Eagle-Eye Cherry, Christian Jon Cherry, David Ornette Cherry |
Donald Eugene «Don» Cherry (18. november 1936–19. oktober 1995) var ein innovativ afroamerikansk jazzkornettist. Han spelte mykje i lag med sakofonisten Ornette Coleman i løpet av karrieren.
Don Cherry fekk gjenombrotet sitt mot slutten av 1950-talet då han og Ornette Coleman spelte frijazz og gav ut albumet The Shape of Jazz to Come i 1959. Dei to var sist saman ved Moldejazz 1987 da Coleman kalla prosjektet Prime Time og Cherry brukte pikkolo-trompet.[1] Etter å i 1967 ha flytta til Sverige i protest mot Richard Nixon drog Cherry første gong til Moldejazz 1968 med New York Total Music, som var Karlhanns Berger vibrafon, Kent Carter bass og Jacques Thollot trommer. Den norske fjernsynsmannen Svein Erik Børja frå NRK, som var der med elektronkamera, fekk ros av Don Cherry for «sensitivitet og kunstnarisk sans».[2]
Den norske bassist Arild Andersen var i Cherrys delvis svenske Ethernal Rhythm Orchestra ved Berlin Jazz Days 9.11.1968, konsertopptaka vart til plata Eternal Rhythm (MPS, 1969). Han var så ved Sandvika kino den 9.10.1969 i sekstett med Karin Krog song, Sidsel Paasche munnharpe, Arild Andersen bass, Terje Rypdal gitar og Jan Garbarek saksofon. Ifølge Garbarek var Cherry «...ein svart amerikanar som gjekk i indianske klede og spelte indisk og tyrkisk musikk. Me spelte verdsmusikk lenge før omgrepet eksisterte«.[3]
Han var med trio ved Kongsberg Jazzfestival 1971. Med sitt The Organic Music Theatre gjesta Cherry jubileumsfestane til Club 7 den 27.9.1973 og 24.10.1978, inniblant dei to, var han igjen ved Kongsberg Jazzfestival 1975 med Billy Higgins, Frank Low og Arild Andersen bass. Både ved Moldejazz 1979 og 1982 brakte han bandet Old and New Dreams Band, med Dewey Redman tenorsaksofon, Charlie Haden bass og Ed Blackwell trommer, medan han og Blackwell ved Moldejazz 1984 spelte med det norske Tamma, der Finn Sletten, Erik Balke, Per Jørgensen, Jon Balke og Sveinung Hovensjø spelte. Ved Kongsberg Jazzfestival 1986 måtte Cherry trekke ei tann og Blackwell vart innlagd for nyreproblem.[4] Med Bobo Stenson var Cherry på Musikkflekken den 29.11.1991. Han spelte lommetrompet ved Vossajazz 1993, i kvartett med Bob Stewart tuba, Hamid Drake trommer, og Carlos Ward saksofon.
Cherry døydde av leversvikt. Gjennom ekteskapet sitt med svenske Maylen Bergström hadde han dei svenskfødde stedøtrene Neneh Cherry (1964-) og Titiyo (1967), begge popstjerner, og dei to sønene hans er låtskrivaren Eagle-Eye Cherry (1971-) og jazzpianist David Ornette Cherry.[5] Det var faren som skreiv tittellåten til Eagle-Eye Cherry-plata Desireless som kom ut i 1998.