Don Henley | |||
Backstage during Farewell 1 tour | |||
Fødd | 22. juli 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Gilmer i Texas i USA | ||
Fødenamn | Donald Hugh Henley | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1970 til i dag | ||
Sjanger | |||
Instrument | |||
Stemmetype | tenor | ||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som | |||
Prisar | MusiCares Person of the Year, National Humanities Medal, Kennedy Center Honors, Americana Trailblazer Award |
Donald Hugh «Don» Henley (fødd 22. juli 1947) er ein amerikansk songar-låtskrivar, produsent og trommeslagar, mest kjend som medlem i Eagles og ein suksessrik solokarriere. Henley var trommeslagar og ein av solovokalisten i Eagles frå 1971 til 1980, då bandet vart oppløyst, og frå 1994 og fram til i dag. Henley song solovokal på hittar av Eagles, som «Witchy Woman», «Desperado», «Best of My Love», «One of These Nights», «Hotel California», «Life in the Fast Lane» og «The Long Run».
Etter Eagles vart oppløyst i 1980, la Henley ut på ein solokarriere og gav ut debutalbumet I Can't Stand Still, i 1982. Han gav ut fire studioalbum, to samlealbum og ein konsert-DVD. Av solohittane hans finn ein «Dirty Laundry», «The Boys of Summer», «All She Wants to Do Is Dance», «The Heart of the Matter», «The Last Worthless Evening», «Sunset Grill», «Not Enough Love in the World», «New York Minute» og «The End of the Innocence».
Eagles har selt over 150 million album verda over, vunne seks Grammy-prisar og hatt fem singlar på toppen av singellista i USA, 17 singlar inne på topp 40 og seks album på toppen av albumlista. Dei vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1998 og er det mestseljsande amerikanske bandet gjennom historia. Som soloartist har Henley selt over 10 millionar album verda over og hatt åtte singlar på topp 40 i USA. Han har vunne to Grammy-prisar og fem MTV Video Music Awards. I lag med Eagles og som soloartist, har Henley gjeve ut 25 singlar som har nådd topp 40 på Billboard Hot 100. I 2008 vart han rangert som den 87. beste songaren gjennom tidene av Rolling Stone.[1]
Henley har òg spelt ei rolle i fleire miljøsaker og innan politikken, mellom anna Walden Woods Project.[2] Sidan 1994 har han delt tida si mellom Eagles og soloprosjekta sine.