Donny Osmond | |||
![]() Osmond i 2010 | |||
Fødd | 9. desember 1957 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ogden | ||
Fødenamn | Donald Clark Osmond | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1963 til i dag | ||
Sjanger | Vokal, poprock, R&B, tyggegummi, blue-eyed soul, komedie, musikal | ||
Instrument | saksofon, vokal, piano | ||
Tilknytte artistar | Marie Osmond, The Osmonds | ||
Plateselskap | Universal, Decca Records | ||
Verka som | Songar, låtskrivar, musikar, skodespelar, programleiar, dansar, radiomann, forfattar | ||
Mor | Olive Osmond | ||
Far | George Osmond |
Donald Clark «Donny» Osmond (fødd 9. desember 1957) er ein amerikansk songar, skodespelar, dansar, radiopersonlegdom og tidlegare tenåringsidol. Osmond har òg vore programleiar, plateprodusent og forfattar. I midten av 1960-åra vart han og fire av dei eldre brørne hans kjende som the Osmonds. Osmond gjekk solo tidleg i 1970-åra og fekk hittar som «Go Away Little Girl» og «Puppy Love».
Over ein periode på 30 år var han og den yngre systera Marie kjende som Donny & Marie, mellom anna på grunn av varietéserien som gjekk 1976–79 på ABC. Duoen hadde òg eit prateshow i 1998-2000 og har halde konsertar i Las Vegas sidan 2008.
Frå juli 1992 spelte Osmond Joseph i musikalen Joseph and the Amazing Technicolor Dreamcoat. I 2009 vann Osmond den niande sesongen av Dancing with the Stars.