Doom and Gloom

Doom and Gloom
Singel av The Rolling Stones
frå albumet GRRR!
Språk engelsk
Utgjeve 11. oktober 2012
Innspelt August 2012 in Paris, France
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 3:59
Selskap Universal Music
Komponist Keith Richards, Mick Jagger
Tekstforfattar Mick Jagger
Låtskrivar(ar) Mick Jagger, Keith Richards
Produsent Don Was, The Glimmer Twins, Jeff Bhasker, Emile Haynie (co.)
The Rolling Stones-kronologi 
«No Spare Parts»
(2011)
Doom and Gloom «One More Shot»
(2013)


«Doom and Gloom» er den første singelen frå GRRR!, eit samlealbum i høve 50-årsjubileet til The Rolling Stones. Han hadde premiere på BBC Radio 2 den 11. oktober 2012. Songen markerte første gongen Mick Jagger, Keith Richards, Charlie Watts og Ronnie Wood hadde vore i studio i lag på sju år, etter albumet A Bigger Bang var ferdig i 2005.[1] Ein video med tekst kom ut på YouTube same dagen.[2]

Songen nådde 61. plassen på UK Singles Chart, 26. plassen på Billboard Japan Hot 100 og 30. plassen på Billboard Rock Songs-lista i oktober 2012.

Rolling Stone kåra «Doom and Gloom» til den 18. beste songen i 2012.[3]

Songen vart spelt under rulleteksten til filmen A Good Day to Die Hard.

  1. «Brand New Rolling Stones Single «Doom And Gloom» Released On Thursday». The Rolling Stones. Henta 30. mars 2018. 
  2. «The Rolling Stones – Doom And Gloom (Lyric Video)». YouTube. 25. juli 2012. Henta 30. mars 2018. 
  3. «50 Best Songs of 2012: The Rolling Stones, 'Doom and Gloom'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 30. mars 2018. Henta 30. mars 2018. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne