Dorothe Engelbretsdotter | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. januar 1634 Bergen |
Død |
19. februar 1716 (82 år) |
Yrke | lyrikar, skribent |
Sjanger | salme |
Religion | kristendom |
Ektefelle | Ambrosius Hardenbeck |
Dorothe Engelbretsdotter på Commons |
Dorothe Engelbretsdotter (16. januar 1634–19. februar 1716) frå Bergen var den første kjende kvinnelege forfattaren frå Noreg. Ho skreiv salmar, høvesdikt og rimbrev. Dikta hennar er barokke og sterkt religiøse, og var svært folkekjære då dei vart gjevne ut.
Forfattaren vert også kalla Dorothe Engelbretsdatter, medan førenamnet kan verta stava «Dorothe», «Dorthe» eller «Dorte». Sjølv kalla ho seg «Bergens Debora».