Double Vision av Foreigner

Double Vision
Studioalbum av Foreigner
Språk engelsk
Utgjeve 20. juni 1978
Innspelt Desember 1977 - mars 1978
Studio Sound City (Van Nuys, CA).
Sjanger
Lengd 37:55
Selskap Atlantic
Produsent
Foreigner-kronologi 
Foreigner av Foreigner
(1977)
Double Vision Head Games
(1979)


Singlar frå Double Vision
  1. «Hot Blooded»
    Utgjeve: Juni 1978
  2. «Double Vision»
    Utgjeve: September 1978
  3. «Blue Morning, Blue Day»
    Utgjeve: Desember 1978
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[1]
Christgau's Record GuideC–[2]
Rolling Stone3.5/5 stars[3]

Double Vision er det andre studioalbumet til det britisk-amerikanske rockebandet Foreigner, gjeve ut 20. juni 1978 på Atlantic Records. Det vart spelt inn mellom desember 1977 og mars 1978 og var det einaste Foreigner-albumet som vart produsert av Keith Olsen og det siste spelt inn med bassisten Ed Gagliardi, som sidan vart erstatta av Rick Wills.

Double Vision var det første i ei rekkje innspelingar der talentspeidaren John Kalodner hadde namnet sitt oppført to gonger i plateomslaget, som eit ordspel på albumtittelen. «John Kalodner: John Kalodner» oppstod då produsenten Olsen lurte på korleis han skulle kredittere Kalodner på albumet. Gitaristen Mick Jones kom opp med ideen om å skrive namnet to gonger.[4]

«Tramontane» er det einaste instrumentale sporet Foreginer har gjeve ut på eit studioalbum til no.

Mick Jones syng solovokal på «Back Where You Belong» og «I Have Waited So Long».

  1. Hinds, Andy. Double Vision av ForeignerAllmusic. Henta 18. mai 2020.
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: F». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Evans, Paul (2004). «Foreigner». The New Rolling Stone Album Guide (Completely Revised and Updated 4th utg.). New York: Fireside. s. 307. ISBN 0-7432-0169-8. 
  4. Fishman, Laurie. «Biography : John Kalodner». John Kalodner.com. Henta 18. mai 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne