Dream Baby (How Long Must I Dream)

Dream Baby
Singel av Roy Orbison
B-side

«The Actress»

Utgjeve 10. februar 1962
Innspelt 1962
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:36
Selskap Monument 45-456
Låtskrivar(ar) Cindy Walker
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi 
«Crying»
(1961)
Dream Baby «The Crowd»
(1962)


Dream Baby (How Long Must I Dream)
Singel av Glen Campbell
frå albumet The Last Time I Saw Her
B-side

«Here and Now»

Utgjeve 1. mars 1971
Sjanger Country
Lengd 2:32
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Cindy Walker
Produsent Al DeLory
Glen Campbell-kronologi 
«It's Only Make Believe»
(1970)
Dream Baby (How Long Must I Dream) «The Last Time I Saw Her»
(1971)


«Dream Baby (How Long Must I Dream)» er ein song skriven av Cindy Walker og først spelt inn og gjeven ut av Roy Orbison som ein singel i 1962. Det vart ein stor internasjonal hit for Orbison og han nådde andreplassen i både Australia og Storbritannia, og fjerdeplassen i USA på Billboard-lista. Han nådde òg topp 10 i både Canada og Noreg. Songen følgjer strukturen til ein tradisjonell 12-takts blues.

Songen har blitt spelt av mange andre artistar, som den amerikanske countryartisten Glen Campbell, som gav ut songen i mars 1971 som den første singelen frå albumet The Last Time I Saw Her. Versjonen til Campbell nådde sjuandeplassen i på Hot Country Singles-lista i USA.[1] Versjonen nådde òg fjerdeplassen på countrylista i Canada. Songen vart òg spelt inn av Jerry Lee Lewis i 1967 og Waylon Jennings.

Ein versjon av countryartist Lacy J. Dalton i 1983 nådde niandeplassen på Billboard Hot Country Singles-lista.[2]

  1. «Glen Campbell singles». Allmusic. Henta 24. februar 2015. 
  2. «Lacy J. Dalton singles». Allmusic. Henta 24. februar 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne