Dream On Singel av Aerosmith frå albumet Aerosmith | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | 27. juni 1973[1] | |
Innspelt | October 1972[2] | |
Studio | Intermedia i Boston | |
Sjanger | ||
Lengd |
| |
Selskap | Columbia | |
Tekstforfattar | Steven Tyler | |
Låtskrivar(ar) | Steven Tyler | |
Produsent | Adrian Barber[1] | |
Aerosmith-kronologi | ||
Dream On | «Same Old Song and Dance» (1974)
|
«Dream On» er ein powerballade[3] av Aerosmith frå debutalbumet deira, Aerosmith, frå 1973.[4] Han var skriven av frontmannen Steven Tyler og vart den første store hitten deira og ein vart ein klassisk rock-radiolåt. Songen kom ut i juni 1973 og nådde 59. plassen på Billboard Hot 100[5] men slo stort til i heimbyen Boston, der han vart kåra til årets singel av radiokanelen WBZ-FM, den femte beste for året på WRKO og nummer 16 på WMEX (AM). Songen fekk òg umiddelbar mykje radiospeling på den tidlegare WVBF (FM), og dukka ofte opp på førsteplass på «The Top Five at Five» i juni 1973.
Albumversjonen av «Dream On» (4:28, i motsetning til 3:25 på singelutgåva der det meste av introen er redigert ut og det første refrenget er erstatta med det andre refrenget) vart gjeve ut på ny i slutten av 1975, og debuterte då på 81. plassen på Billboard Hot 100-lista den 10. januar 1976, men kom seg inn på topp 40 den 14. februar og klatra heilt til sjetteplassen den 10. april. Columbia Records valde å betena topp 40-radiostasjonar med både lange og korte versjonar av songen, og dermed vart mange popradiolyttarar i 1976 eksponert for den første topp 10-hitten til gruppa gjennom 45-utgåva.
I 2004 rangerte magasinet Rolling Stone songen som nummer 172 på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] Han vart flytta til nummer 173 i 2010,[7] og på nytt rangert som nummer 199 i 2021.[8] I 2007 spelte Aerosmith inn ei nyinnspeling av songen, blant nokre av sine andre songar, til spelet Guitar Hero: Aerosmith då masterlydbandet mangla under utviklinga av spelet.[9] I 2018 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame[10].