Drone

For dronar hjå bier, sjå honningbie.
Minidrone til fotografering frå høgda
Eim drone som vert brukt til å inspisera straumlinjer
Ein X-47-drone
Helikopterdrone
EuroHawk-drone

Drone er eit luftfartøy som kan vera fjernstyrt eller manøvrera sjølv.[1] Det finst både militære og sivile dronar, og dei har mange utformingar og bruksområde Militære dronar vert brukte til å samla etterretning av militær relevans og å bera og avfyra våpen, utan å risikera livet til eigne soldatar. Sivile dronar vert til dømes brukte til hobbyfotografering og kommersielle videoproduksjonar. Skiljet mellom sivile og militære dronar er uklart. Militære føretak er i dag leiande i utviklinga av droneteknologi, men leverer i tillegg til den miitære marknaden òg til det sivile. Fleire sivile føretak leverer òg dronar og droneteknologi til den militære marknaden.

  1. Tandberg, Erik; Jarslett, Yngve (16. juli 2019). «drone». Store norske leksikon (på norsk). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne