Dueling Banjos Singel av Eric Weissberg | ||
B-side |
End of a Dream | |
---|---|---|
Utgjeve | Desember 1972 | |
Innspelt | 1972 | |
Sjanger | Bluegrass[1] | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Låtskrivar(ar) | Arthur «Guitar Boogie» Smith, Don Reno, arranged by Eric Weissberg, Steve Mandell | |
Produsent | Joe Boyd | |
Eric Weissberg-kronologi | ||
Dueling Banjos | «Reuben's Train» (1973)
|
«Dueling Banjos» er ein bluegrasssong av Arthur «Guitar Boogie» Smith. Songen vart komponert i 1954[2] av Smith som ein banjoinstrumental han kalla «Feudin' Banjos», som inneheldt riffa frå Smith spelt inn i 1955 med ein firestrengs plekter-spelt banjo, akkompagnert av Don Reno på femstrengs-banjo. Første gongen vart spelt for eit større publikum var i 1963 i ein episode av TV-serien The Andy Griffith Show kalla «Briscoe Declares for Aunt Bee», der han vart framført av den musikalske familien The Darlings (spelt av bluegrassgruppa The Dillards) i lag med Griffith sjølv.
Songen vart gjort kjend i 1972 i filmen Deliverance, som førte til søksmål frå komponisten, sidan han vart nytta i filmen utan at Smith hadde gjeve løyve til det. Filmversjonen var arrangert og innspelt av Eric Weissberg og Steve Mandell, men berre kreditert til Weissberg på ein singel som kom ut i desember 1972. Smith vann søksmålet. Songen låg fire veker på andreplassen på Billboard Hot 100 i 1973, alle fire vekene bak Roberta Flack-songen «Killing Me Softly with His Song», og han toppa adult contemporary-lista i to veker same året.[3] Songen låg ei veke på toppen av Cashbox- og Record World-listene. Songen nådde òg femteplassen på Hot Country Singles-lista på same tida. Han vart nominert til ein Golden Globe for beste originale song.[4]