Dufek Coast

Dufek Coast is located in Antarktis
Dufek Coast (Antarktis)

Dufek Coast (84°30′S 179°0′W / 84.500°S 179.000°W / -84.500; -179.000) er den delen av kysten langs sørvestdelen av Ross isbrem mellom Airdrop Peak på austsida av Beardmore Glacier og Morris Peak på austsida av Liv-breen. Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee i 1961 etter kontreadmiral George J. Dufek i US Navy, som tente under kontreadmiral Richard E. Byrd med U.S. Antarctic Service, 1939–41, og som kommandør av Eastern Task Force i U.S. Navy Operation Highjump i 1946–47. Han var komamndør i U.S. Naval Support Force Antarctic, 1954–59, ein periode då dei amerikanske forskingsstasjonane McMurdo Station, Little America V, Byrd Station, South Pole Station, Wilkes Station, Hallett Station og Ellsworth Station vart oppretta. Amerikanske marineskip, luftfartøy og personell under hans kommando gjorde store logistiske operasjonar i samband med forsking og landmåling i området. 31. oktober 1956 vart Dufek med det første flyet som flydde frå McMurdo Sound via Beardmore Glacier og vart det første flyet som landa på Sørpolen.[1]

Dufek Head, Dufek Massif og Dufek Mountain er òg kalla opp etter Dufek.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet gnis

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne