Dulcimer | |||
| |||
Andre namn | Cimbalom Dulcimer Four-hammer dulcimer Hammer dulcimer de: Hackbrett it: Salterio es: Dulcémele uk: Tsymbaly pl: Cymbały fa: Santoor, Santur fr: Tympanon zh: Yangqin ko: Yanggeum kh: ឃឹម Khim vi: Tam Thập Lục th: ขิม Khim tt: чимбал çimbal | ||
---|---|---|---|
Klassifisering | verkelege bordsiterar med resonanskasse, Dulcimer, hammered chordophone | ||
Hornbostel-Sachs klassifisering | 314.122-4 (Simple chordophone sounded by hammers) |
isk Dulcimer (eller hammardulcimer) er eit perkusjonsinstrument med strenger som typisk er trekte over eit trapesforma resonant lydbord. Dulcimeren blir stilt framfor musikaren, som i nokre tradisjonelle former kan sitja med beina i kross på bakken eller i meir moderne stilar kan stå eller sitja på eit møbel. Spelaren nyttar ein lita skeiforma hammar i kvar hand til å slå på strengene. Det gresk-romerske ordet dulcimer ('søt song') er avleidd frå latin dulcis ('søt') og gresk melos ('song'). Dulcimer, der ein slår strengene med små hamrar, stammar frå psalter, der ein plukkar strengene.[1]
Dulcimer og liknande instrument er utbreidde i tradisjonell musikk frå Irak, India, Iran, Sørvest-Asia, Kina, Korea og delar av Søraust-Asia, Sentral-Europa (Ungarn, Slovenia, Romania, Slovakia, Polen, Tsjekkia, Sveits (særleg Appenzell), Austerrike og Bayern), Balkan, Aust-Europa (Ukraina og Belarus) og Skandinavia. Det blir også spelt i Storbritannia (Wales, East Anglia, Northumberland) og USA, der bruken i folkemusikk tok seg opp på slutten av 1900-talet.[2]
Dulcimer blei mykje brukt gjennom mellomalderen i England, Frankrike, Italia, Tyskland, Nederlands og Spania. Instrumentet hadde ulike namn i kvart land, men blei overalt rekna som ein type psalterium. Ein såg med tida ein skilnad i måten å laga lyd på med dulcimer, der ein sette strengene i vibrasjon med hammarar, og psalterium, der ein plukka dei. Dulcimer gav opphav til piano, medan psalterium blei vidareutvikla til cembalo.[3]
Det finst versjonar av hammerdulcimer frå heile verda, som kvar har sin eigen distinkte konstruksjons- og spelestil: