E-post (avstytting for elektronisk post) er ei teneste som gjer det mogleg å sende elektroniske dokument (post) frå éi datamaskin til ei anna. E-post er ei av dei mest brukte tenestene på Internett.
Systemet vart først utvikla i 1971 av Ray Tomlinson, som òg sendte den første e-posten i historia. Han skildra innhaldet som «noko uviktig, som qwertyuiop» (den øvste bokstavrekka på eit nord-amerikansk tastatur).[1]
Tomlinson har naturleg nok òg æra for å ha funne på å plassere teiknet krøllalfa («@») mellom «brukarnamnet» og «domenet» i e-postadresser, sånn som vi kjenner dei i dag. Tanken var den gongen at adressa skulle seie noko nyttig om brukaren; «den e-posten her kjem frå Jan Johansen på døme-domenet.com». Då skulle mottakaren av e-posten vite at «Jan Johansen» truleg arbeidde på «døme-domenet.com».
I seinare tid har e-posttenesta utvikla seg langt utover det som var mogleg å sjå føre seg i 1970. No finst det ei rekkje store e-post-leverandørar, selskap som tilbyr kundane sine å halde adresse og lagringsplass til personleg korrespondanse. Difor er det ofte ikkje anna enn brukarnamnet i e-postadressa som seier noko om sendaren i dag.
Den første e-posttenesta kunne berre sende og ta imot tekst, men i dag er det mogleg å sende og ta imot alle typar filer; e-posten kan signerast og krypterast teksten i brevet kan formaterast med til dømes halvfeit og kursiv skrift, osb.