EM i fotball 2004

EM i fotball 2004
Arrangement
Lag i sluttspelet16
Vertsland Portugal
Arenaer10 (i 8 byar)
Dato12. juni - 4. juli 2004
Plasseringar
Meister Flagget til Hellas Hellas
Andreplass Flagget til Portugal Portugal
Kampar
ToppskårarDet tsjekkisk flagget Milan Baroš
(5 mål)
Beste spelarFlagget til Hellas Theodoros Zagorakis
Deltakarlanda i Fotball-EM 2004

Europameisterskapen i fotball 2004 var den tolvte europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart avvikla i Portugal i tida 12. juni til 4. juli 2004. Hellas vart europameister etter finalesiger 1-0 mot vertslandet Portugal. Dei 31 kampane vart spelt på ti arenaer i åtte byar; Aveiro, Braga, Coimbra, Faro-Loulé, Guimarães, Leiria, Lisboa og Porto. 50 land deltok i kvalifiseringa til meisterskapen.

Portugal tapte opningskampen mot Hellas, men vann likevel gruppe A. Gruppe C var den jamnaste med tre lag på fem poeng, Italia rauk ut med dårlegare målskilnad enn Sverige og Danmark. Med tre rake sigrar imponerte Tsjekkia mest av alle laga i gruppespelet.

I kvartfinalane feia Tsjekkia det danske laget av bana med 3-0 i målprotokollen. Både Portugal og Nederland gjekk vidare til semiifinale etter straffeskyting mot høvesvis England og Sverige. Portugal slo ut Frankrike med gjerrig spel og 1-0. Også i semifinalen mot Tsjekkia vann Hellas med 1-0, medan Portugal eliminerte Nederland etter ein 2-1-siger.

Milan Baroš frå Tsjekkia vart toppskårar i meisterskapen med sine fem nettkjenningar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne